PRØVEUKE FFO

Skrevet av 29. mars 2017Nyheter

Prøveuke i uke 17!
Første mann til mølla!

Heisann!

No er det nye tider på FFO på Vardeneset.

Opplegget er stort sett som tidlegare, men det vert organisert av Vardeneset BK fullt og heilt og har fått ny leiar. FFO-leiar har med seg 5 instruktørar, to unge menn og tre unge jenter, og om me ikkje vert nok instruktørar ein dag, trør dagleg leiar i VBK, Morten Osaland inn, som ein spretten gaselle.

Dei første ungane frå Teinå skule kjem til oss omlag 12:30. Dei siste ungane frå Vardeneset skule kjem 14:30. Kl 13:00 får dei sunn brødmat og drikke, kl 14:00 får dei frukt og grønt. Kl 14:30 skal dei ned i garderobane å skifte til fotballtøy, og frå 14:45 til 16:00 er me på fotballbanen. Siste dag i månaden tilbyr me eit varmt måltid og har fotballcup.

På foreldremøtet 15. mars,  kom ein fram til at ein ønskjer seriøsitet på fotballbanen, at ungane lærer noko og ikkje kun leikar, at lekselesing utgår, men at me har plass her på klubbhuset til at 6 ungar kan få hjelp til leksa si, om foreldrene ønskjer det, på kontoret til meg og Morten, og at det er gjennomgåande disiplin, slik at ungane ikkje får lov å gjere akkurat som dei vil, når dei vil.

Pr i dag er det kun 21 gutar på FFO, og det er alt for lite. Ser ein på listene over kor mange ungar, gutar og jenter, som spelar fotball i VBK, er det mange me synest skulle delteke på FFO-en vår.

Om du vil melde deg på, kan du gjere det heile tida, men i veke 17 har me ei gratis prøveveke, måndag 24. april og onsdag 26. april, og me har 30 plassar me gjerne vil fylle. Ungane får brødmat og frukt på måndagen og eit varmt måltid onsdagen, sidan det er siste dagen den månaden.

Ein kan melde seg på ved å sende ein e-post eller ein SMS. Inkluder namn på ungen, kull, skule, telefonnummer, e-post-adresse og evt. matallergiar. Om ein ikkje treng prøveveke, men allereie har bestemt seg for å melde på ungen sin, så går sjølvsagt det an òg. Det kostar normalt 140 kr pr gong pr unge, dvs 1120 kr ein normal mnd, men prøveveka er altså gratis.

Påmelding til ffo@vardeneset-bk.no eller 400 70 355

Leder VBK FFO:

Morten Osaland

Instruktører FFO:

Tarald Bishop
Anette S. Jensen
Nanna V. Finseth
Marie T. Ingebretsen